| Forsiden | Turer og aktiviteter | Om turlaget | Bli medlem |
Årets første fellesturBømlo Turlag hadde full klaff med den første fellesturen i det nye året. Flott vær og masse folk!
Over 90 personar møtte fram på Meling søndag føremiddag. I flott vintervær fekk deltakarane oppleva den flotte turen frå Melingsvåg via Brømsund, Sanddalen og attende til Melingsvåg.
Deltakarar frå heile kommunen fekk oppleva ein av dei flotte kyst - stiane som Bømlo kan by på. Sjølv om mesteparten av Noreg var dekka av snø denne dagen, var terrenget ute ved kysten stort sett bart og lettgått.
Deltakarane fekk både sjå og kjenna på den mektige Nordsjøen som slår mot holmar og sund heilt vest ved Brømsund. Her fekk mange også sjå ei Jettegryte for første gong. Vinterglede i mørketiden |
SøkTurer og aktiviteter
|