Del | Tilbake | Skriv ut | Tips en venn

Sauda Turlag

Sauda Turlag har ca 250 medlemmer. I turprogrammet prøver me å gi tilbud til ulike aldrar , interesse og kondisjon både vinter og sommar. Me arrangerer over 20 turar i året. I fleire år har me arrangert 3 Stølar. Her er det pengegåver å hente for dei heldige. Som ei ekstra oppmuntring til barn under 15 år er det 4 ekstrapremiar a 500 kr. Dette viser seg å vera eit populært tiltak. På desse turane prøver me å få fram historia til den enkelte støl.

Se oversikt over kommende turer og aktiviteter med Sauda Turlag

Turlaget si hytte på Øvre Sandvatn har fått ei skikkelig renovering. Det er kledd med asfaltplater, skifta kledning og vindauge på to vegger.Innvendig er alle rom mala tak, vegger og golv. Stien innover på vestsida av vatnet er merka og varda så det er skikkeleg fin sti innover. Austsida er også varda og merka slik at nå kan ein gå ei fin rundløype om ein vil.