| Forsiden | Om Havrefjell Turlag | Fotoalbum | Våre lokale turområder |
Branntårnet er frakta til Solhomfjell.
Komplisert helikoptertransport. Helikopteret måtte torsdag bruke all si kraft for å løfte dei tunge seksjonane under flyturen opp til toppen av Solhomfjell, på 659 meter over havet. Der blei delane montert under dyktig leiing av Jarle Heiland, som hadde tatt med seg tre medarbeidarar frå firmaet Vertech Offshore, til eit viktig oppdrag i heimbygda. På tross av svært hektisk tidspress og små marginar, blei arbeidet utført på ein sikker og nøyaktig måte.
Første seksjon settast på bakken.
Like før seksjonane blir kopla saman.
Det dyktige arbeidslaget frå Vertech Offshore.
Olav Smestad og Jarle Heiland festar boltane.
Matpause etter godt utført arbeid.
Tårnet er 60 år. Svein Brekka fylgde det heile med stor interesse. Han var også med den gang tårnet blei bygd for nøyaktig 60 år sidan. Då var han 10 år, og med far sin på arbeid. Han blei då fastbunden i tau oppe i toppen av tårnet, og kunne følgje med på bygginga. På torsdag gjekk han derimot laus, og fekk etterpå med seg ein fin flytur i helikopter tilbake til bygda.
Svein Brekka fylgde for andre gong med på montering av tårnet på Solhomfjell.
Per Ole Halvorsen tar opptak for NRK.
Montering på dugnad. Etterpå kunne Olav Smestad som også hadde deltatt i helikopteroperasjonen, leie dugnadsarbeidet med montering av tårnet. Folk frå Havrefjell Turlag og Statskog har i helga montert stigar og plattformer. Ennå gjenstår ein god del arbeid før tårnet kan opnast for bruk.
Med Havrefjell Turlag på dugnad for å montere på tårnet. Frå venstre Astrid Haukenes, Torgeir Haukenes, Tone Ellingsen og Olav Smestad.
Viktig turmål. Branntårnet på Solhomfjell er eit av dei aller beste utsiktspunkt i heile distriktet. Her kan vi sjå til 4 fylker og om lag 25 kommunar. Havet er synleg frå Arendal til Oslofjorden, og innover ser vi kjende toppar frå Hovdefjell og Fyresdalsheiane, til Lifjell og Jonsknuten. Turen opp til tårnet kan gjerast i merka løype frå både Heiland og Sandtjønn. Løypene går på god sti og opne fjell, gjennom det store og vakre Solhomfjell Naturreservat. Løypekart blei laga i fjor og stiane er godt brukt.
Her er det gamle trigonometriske merket som stod på Solhomfjell før branntårnet blei bygd. Foto A. Aase 7. juli 1936.
Restaurering. Statskog har vore pådrivaren for dette kompliserte restaureringsarbeidet. Resultatet blei eit storstilt interkommunal prosjekt, der både Gjerstad, Nissedal, Drangedal og to fylker drog i lag. Både Havrefjell Turlag og fleire bedrifter frå det lokale næringslivet har i godt samarbeid deltatt med pengar og dugnadsinnsats. Nils Olav Sunde frå Statskog har på ein dyktig og sikker måte styrt arbeidet, som starta i fjor med helikoptertransport ned til AG Mekanikk på Fiane. Her blei tårnet restaurert og rustbehandla, i godt samarbeid mellom dugnadsfolk og AG Mekanikk. Delane blei tilpassa så nøyaktig, at alt stemmer når seksjonane nå blir montert oppe på fjellet.
Opningstur. Søndag 21. september skal alt etter planen vere klart. Då arrangerer Statskog og Havrefjell Turlag opningstur opp til tårnet, og turfolket kan på nytt klyve opp og nytte den fine utsikten.
Det var godt å sjå tårnet på sin rette plass ! |
SøkTurer og aktiviteter
|