|
|
Dagsturer/toppturer
Gjendesheim er innfallsporten til de østlige delene av Jotunheimen og et naturlig utgangspunkt for turen over Beseggen. Men det er også mange andre turmuligheter i dette området, både sommer og vinter.
Knutshø (1517 moh) er like spennande som Besseggen. På turen opp er det eit par ganske bratte parti, men du får lønn for strevet når du ser utsikten mot Gjende og fjella rundt deg. Dette er primært ein sommartur, men det er også mogleg å gå om vinteren. Da må du bera skiene der det er brattast, truger er også eit spennande alternativ. Turen tar ca 5 timar.
Besshø (2258 moh) er dronninga - eit majestetisk fjell som gjerne kan få besøk av fleire, både sommar og vinter. Det er enkelt å ta seg dit, ca 8 timar må du rekne med.
Brurskaret, Heimdalshø (1814 moh), Sikkilsdalshø (1778 moh). Dette området er mykje brukt om vinteren, men er like tilgjengeleg om sommaren. Frå Heimdalshø kan det vera eventyrleg å kjøre ned på ski, til langt ut i mai.
Rasletind (2105 moh) og Høgdebrotet (2226 moh) er mykje brukt som turmål for skiløparar, Rasletind er populær 17. mai- topp. Desse toppane er starten på "Gjendealpane" som strekkjer seg innover Leirungsdalen mot Gjendebu. Dette området er ikkje tilrettelagt med stimerking, det er ein "stille" del av nasjonalparken. Men det er lov å gå her...
Surtningssui (2368 moh) er eit spektakulært fjell som du ser frå Valdresflyvegen. Du må inn til Memurubu, og så har du ein dagstur framfor deg. Bratt opp sjølvsagt, men verdt strevet!
Gjendehø (1257 moh) heiter fjellet på andre sida av Gjendesheim. Dette er berre ein liten "knaus" som du enkelt kan bestige ein ettermiddag, for eksempel.
Langs Gjende. Eit blomstrande alternativ til Besseggen er ei vandring langs Gjende, mellom Memurubu og Gjendesheim. Ein svært idyllisk tur og ei botanisk oppleving, her er det nemleg eit overraskande mangfaldig planteliv. Og ei meir intens blåfarge på blåklokkene og fiolane finns knapt nokon annan stad i verda!
Gjendehalsen, frå Gjendesheim til Bessheim, er ein fin "trimtur", ypperleg når du ikkje har ein heil dag. Om du vil gjera den lenger, kan du gå opp til Bessvatnet og ned att til Gjendesheim. Fin rundtur på 2 - 4 timar.
|
|