Kvam turlag vart stifta i 1994 og er eit lokallag under Bergen Turlag/Den Norske Turistforening.

Laget har i dag vel 460 medlemmer i Kvam herad.

I 2012 står knappe 40 turar på programmet - fordelt på onsdagar(ettermiddag), sundagsturar og helgeturar.

I tillegg kjem turar med barnevogn og føremiddagsturar på tysdagane.

 

 




21-22. april - Folgefonna på langs

Årets ”Folgefonna på langs” tur føyer seg inn i rekka av godversturar. 
Les meir

28.04.2012-01.05.2012 - Hardangervidda på tvers

Dei fire som reiste frå Norheimsund tidleg laurdag morgon vart til ni frå heile vestlandet då me kom til Finse.

Dette er deira historie.

Les meir

Samarbeid med Hardanger trening 2012

Kvam turlag har inngått eit samarbeid med Hardanger trening som inneber at medlemmer i treningssenteret får godkjent deltaking på onsdagsturar med Kvam turlag som ei trening i treningssenteret og dermed får ei stjerne i samlinga si.


 

Les meir

Trilleturane er i gang

Torsdag 22. mars var den fyrste trilleturen i vår. Sju damer og babyar var på tur i Fitjadalen. Me gjekk frå Soget, tok matpause på Blekeld, og gjekk tilbake.

Veldig kjekt!

Framover mot sommarferien vil det verta trilleturar kvar torsdag klokka 11, med unnatak av helgedagar. Dei fleste turane vil verta lagt opp slik at det høver å ha med barnevogn, men ein tur eller to i mai/juni vil gå i trasear der det passar med bæremeis eller bæresele.

Har du spørsmål om turane, eller idear til fine stader å gå? Kontakt turleiar Ingunn Hildonen Teigland, telefon 48140995.

Les meir

Sundag 25.mars - Bakkanosi

Det var eit seksmann (vel, 3 menn og 3 damer) sterkt turlag som køyrde frå eit Kvam som låg under skodda klokka åtte om morgonen. Klokka 10 stod dei klare for tur ved brøytekantane i Jordalen. Og no skein sola frå blå himmel.

Les meir

Sundag 26.februar - Hedlafjell

Sundag 26 februar var me fem turglade som tok på skiene og gjekk opp frå Byrkjeland i Steinsdalen. Været var strålande og snøen hard i starten, men det gjekk bra opp lia til Blomsete og Gullvotno. Herfrå og vidare over Hedlafjelletvar det glimrande skiføre og lett å gå.
Les meir

Sundag 19.februar - Manfjell

Manfjell stod på programmet denne vinterdagen..
Les meir

5. februar - Kom deg ut-dagen

Søndag 5. februar var det klart for «kom deg ut- dagen»,  ein nasjonal familiedag i regi av den norske turistforeininga. Det heile gjekk for seg ved Mødalstrekket på Kvamskogen. Tross det litt ruskete veret og enorme snømengder var det ca 80 stk, store og små som var innom.
Les meir

Sundag 11.september - Fuglafjell

Ein våt sundag i ein elles våt tursessong la Kvam turlag sin åtte mann/damer store tropp ut frå Ungdomsheimen. Fuglafjell var målet, men dårleg ver og skodde gjorde etterkvart Gråurdskaret til eit passande turmål. Utfordrande nok med store bekkar og elver.

 

 

 

 

 

Les meir

Torsdag 11.august - Sundag 14.august - 24 jenter på kryss og tvers i Lysefjorden

24 jenter på kryss og tvers i Lysefjorden med stup, bratte lier og flate fjellplatå!

 

 

 

 

 

Les meir

Onsdag 8.juni - Eventyrstund i Døgnope

Ni barn og fire vaksne tok seg fram til Døgnope i Fitjadalen denne varme fine kvelden. Mens bålet spraka naut dei Siv Mælen sine forteljarevner i ein historie om Knut.
Les meir

Sundag 5.juni - Sykkeltur: Hardangerfjorden rundt

9 stk. starta sundag morgon den 5. juni. Været var fint og dei 42 km. inn til Kvanndal gjekk lett unna. Ferje over til Utne og så den idylliske turen gjennom frukthagen i Ullensvang. Så 10 km stigning opp mot Samlanuten og då merka me varmen , så ein del gjekk dei siste bakkane. Resten av turen gjekk bra, men litt sår bak og litt krampe er ikkje til å unngå etter 96 km.
Les meir

Sundag 29.mai - Barnas turlag til Aksnesholten

29 vaksne og barn vart med Kvam turlag og turleiar Thor-Arvid Pedersen til Aksnesholten denne våte og relativt kalde siste sundagen i mai.
Les meir

Over 4500 8-klassinger på tur i Hordaland 6. mai

Opptur Hordaland logo

Solen skinte etterhvert opp fra en grå morgen og over de 4600 deltagerene på Opptur Hordaland da de la i vei på tur i dag morges. I Hordaland var det tur følgende steder: Bergen, Os, Nordhordland, Odda, Kvinnherad, Stord og på Voss. På landsbasis er det over 23000 elever på tur denne dagen på 54 ulike steder. Dette er det høyeste deltagertallet både lokalt og nasjonalt noensinne.

Les meir

Folkevandring til Vending-åpningen

 Åpningen av Bergen Turlag sin nyeste hytte ble markert med rekordstort oppmøte. Mer enn 300 personer møtte opp for å feire at turfolket har fått en ny flott hytte på nordsiden av Fuglafjell mellom Hamlagrø og Kvamskogen.

 

 

Les meir