Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening/Bergen Turlag. Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998, og skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, både når det gjeld turar på ski og til fots. I Kvinnherad har vi ein unik natur som og gjev utfordringar for dei som ynskjer å driva bre- og klatreaktivitetar.

 

 

Skitur under fullmånen

Kvinnherad Turlag inviterer til skitur under fullmånen 7. februar. Dette er ei flott naturoppleving som er verdt å få med seg. I skrivande stund er det gneistrande klare og fine vinterkveldar ute.

Les meir

Kvifor sitja inne, når alt håp er ute?

Bli med på inspirasjons-samling med Kvinnherad turlag. Vi ønskjer å få endå fleire barn og barnefamiliar UT og i aktivitet. No har du høve til å vera med på ein artig utedag, der vi skal øva litt på nokre praktiske friluftslivstriks og kosa oss ute!
Les meir

ÅRSMØTE Torsdag 26.januar kl. 19.00

ÅRSMØTE i Kvinnherad turlag vert halde torsdag 26.januar 2012 kl. 19.00 i RauaLøo, Rosendal! Etter det formelle årsmøte vil fotograf JAN RABBEN visa bilete frå Kvinnherad. Rabben er naturfotograd med universitetsutdanning i biologi og geografi, han har sidan 1981 vore frilans naturfotograf og skribent. Han har gitt ut fleire bøker og arbeider for tida med ei bok om Kvinnherad-naturen i samarbeid med Kvinnherad turlag. Møt opp i Raudaløo på torsdag og sjå dei vakre naturbileta!

Les meir

Kvinnherad fjelltrim, resultat for 2011

Kvinnherad fjelltrim er gjennomført for 9.året. 15 personar har delteke alle åra.  I alt 96 personar fullførte Kvinnherad Fjelltrim i 2011.
Les meir

Kvinnherad Turlag tildelt Kulturprisen for 2011

For ei veke sidan mottok styreleiar gladmeldinga om at Kvinnherad Turlag var tildelt Kvinnherad kommune sin kulturpris for 2011. Turlaget får prisen for eit breidt engasjement og innsats innan fleire område. Grunngjevinga kan du lesa under...
Les meir

Turprogram 2012

Hjortedalen 030606 052.jpgKvinnherad Turlag har nok ein gong sett opp eit omfattande og variert turprogram. Vi håpar at mange finn ein tur eller fleire som freistar til deltaking i 2012! Anten du har vore med oss ut før eller ikkje, ikkje nøl med å bli med, du vil få opplevingar for livet. Turane er for alle, medlemmer og ikkje-medlemmer.

Finn du noko av interesse, ta gjerne kontakt for meir informasjon. Programmet ser slik ut..

Les meir

Vel gjennomført GPS-kurs

Fredag kveld hadde 15 deltakarar funne fram GPS'en og var klar for kurs i bruk av GPS. Kurset var kommen i stand etter samarbeid mellom Kvinnherad turlag og SØRAL B.I.L og plassane var fordelt jamt mellom laga. Som kursleiar var Eirik Skare frå båtførerprøven.com hyrt inn (www.batforerproven.com). Skare har kjørt dette kursopplegget for Bergen turlag i fleire år og har gode skussmål derfrå.

Les meir

Våt friluftsdag

118 små og store trassa regnveret og vermeldarane sitt råd om å halda seg inne på sundag. Dei tok turen til Tveitedalen og deltok på Kom deg ut-dagen i regi av Bogeskyttarlaget, Sportsfiskaren, Speidaren og Kvinnherad Turlag.

Dei friske deltakarane hadde kledd seg etter veret og fekk prøva kanopadling, bogeskyting, slakk line, og fiske. Grunna mykje væte vart klatringa kutta ut. Men store og små virka godt nøgd med å koma seg ut og kanskje fekk nokon meirsmak på friluftslivet.

Arrangørane var nøgd med dagen og oppslutnaden. Tveitedalen eignar seg godt til ulike friluftsaktivitetar også sommarstid.

Les meir

På to hjul vest i havgapet

Siste helga før jonsok la 14 deltalarar og 2 turleiarar frå Kvinnherad turlag kursen mot vest. Vi starta med skyssbåt frå Sunde lørdags morgonen med syklar, matpakkar og det mest nødvendige av utstyr for 2 dagars sykkeltur. Målet var å sykla gjennom kommunane Bømlo og Austevoll, frå sør til nord.

Les meir

OPPTUR

Trykk BILDER for å sjå bilete frå Opptur Kvinnherad 4.mai 2011. I Kvinnherad deltok alle 8.klassingane, til saman 186

i tillegg til vel 30 lærarar og andre vaksne. Kvinnherad turlag er lokal arrangør. Turen gjekk til Nordfjell og Vardhaugselet og Olderbotn. Sjå elles reportasje i

Les meir

Kvinnherad fjelltrim, resultat for 2010

Fjelltrimmen i regi av Kvinnherad turlag vart avslutta i slutten av oktober og premieringa fann stad i biblioteket 18.november. Totalt fullførte 91 deltakarar fjelltrimmen i 2010. Aldersfordelinga er frå 3 til 84 år blant deltakarane dette året. 12 av deltakarane er 15 år eller yngre og har fått ein premie for deltakinga. Dei som har fullført fjelltrimmen fem år mottok ein kniv med inngravering.

Les meir

Utdanna nye turleiarar

I september arrangerte Kvinnherad og Stord/Fitjar Turlag turleiarkurs for å rekruttera nye turleiarar. Kurset vart gjennomført med base i Kvinnherad og med tur i området ved Mosdalsbu på vestvidda. Deltakarane er godkjende sommarturleiarar og nærmiljøturleiarar og vil frå neste år vera med å leia folk ut på tur. Vi gratulerer med gjennomført kurs og tar vel imot dei nye eldsjelene!
Les meir

Bilder fra tur til vinduet

Bilder fra turen til vinduet finner du her

Trolltunga lokka mange

trolltungaBortimot førti  kvinnheringar la ein søndagsmorgon midt i august 2010 vegen til Tyssedal og Skjeggedal for å la seg pirra av den vidgjetne tunga. På veg innover fjorden låg skydekket trugande nedover fjellsidene, men då bilrekkja kom ut av Folgefonntunnelen, skein sola som vanleg frå skyfri himmel.
Les meir

Spennande tur til Øvre Myrdal

Kvinnherad Turlag arrangerte søndag 27. juni kulturvandring til Øvre Myrdal. Det vakre området ligg heilt ved foten av dei mektige Bjørndalstindane. Turen starta ved bommen på Kletta, og det var organisert bilskyss inn til Myrdalsvatnet. Der samla deltakarane seg i seks båtar, og tok fatt på den om lag 2,8 kilometer lange roturen til Indre Myrdal. Der tok sjølve kulturvandringa til, med Kaare Skaala som guide og føredragshaldar. Dei fyrste stoppestadene var «Sanden», steinmurane etter det gamle ysteriet, og det som truleg er restane er den gamle middelaldergarden. På turen oppover lia, langs den vakre elva, fekk vandrarane høyra om stader som Stutasteget, Frukoststeinen, Vetlasetra og Gudnarshaugen ved Øvre Myrdal Reset.

 
Les meir