| Framsida | Turer og aktiviteter | Turstiar i Kvinnherad | Hytter | Fjellturar | Skiturar | Fjelltrim | Om turlaget |
Inntrykk frå padletur i NærøyfjordenKvinnherad Turlag inviterte til en tur som har stått på ønskelisten lenge for undertegnede, endelig klaffet det, og det var med store forventninger kursen ble satt for Gudvangen. Der møttes 10 glade kajakkpadlere og turlederne Svein og Gunnlaug. Været var i bedring og vi la ut i et eventyrlig landskap med irrgrønt hav og bratte fjellsider med små og store fossefall. Seniortur til Kikedalen
Seniortur til Skottland, 03 til 13 mai, 2010Skiturar i KvinnheradDer ingen skulle tru at nokon kunne bu
Våt, men flott tur til FynderdalenTuren var utlyst som ”Oppdagarferd ved Nordfonna”. Diverre kom sundagen med skodde og regn, så turleiarane føreslo Fynderdalen som erstatning. Berre to av dei frammøtte hadde vore der før, og med å leggja ruta delvis alternativt til den vanlege vegen, så vart dette ei ”oppdagarferd” for alle: Frå Brekke langs isvegen 1822 – Sandavodlen – Bruene – Fønderdalen – Hovden – ned langs kanten mot Vetledalen – tvers i Vasslio til normalstien – heim som vanleg langs vatnet og isvegen 1864 Opplevingsrik tur frå Åkrafjord til fjells og ned attTuren, som starta med rotur på Åkrafjorden til Eintveit fredag ettermiddag, vart opplevingsrik for dei 16 deltakarane. Ei overnatting på Eintveit med god mat og bålkos under fullmåne og i godt ver gav godt grunnlag for den ganske lange fotturen til fjells via Eintveithorgjo og vidare til Sandvatna. Her hadde Trygve Øvstebø laga til leir og serverte hjortegryte kokt på bål. Etter overnatting i leiren bar det vidare mot Åkrastølen og heilt ned att til Åkra. Bilder frå turen kan du sjå her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album582
Bilete fra Lofthus rundt 21. juniVi har no lagt ut bilete frå den flotte turen Lofthus rundt som vart arrangert den 21.juni. Ein flott tur som altfor mange gjekk glipp av. Dessverre var det berre fem deltakarar på denne turen, men dei fekk ein fantastisk tur i vakker vestlandsnatur. Bilder frå turen finn du her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album563
På sykkel i Eksingedalen 1.-2.augustFyrste helga i august inviterte Kvinnherad Turlag til sykkeltur i Eksingedalen. Ein fin gjeng på 13 personar fekk nyta dei mange naturopplevingane turen ga. Den storslagne naturen med vassdrag, vakre fjell og vidder er fantastisk å oppleva frå sykkelsetet. Den totale lengda på vår rundtur var om lag 90 km. Det er stor variasjon i landskapet frå fjell, dal og til fjord som gjer det spennande å runda neste sving... Flotte naturopplevingar frå sykkelsetet1.-2.august gjennomførte Kvinnherad turlag sykkeltur i Eksingedalen. Sykkelturen vår starta på Evanger og enda opp på Dale etter 85 km krydra med varierte og flotte naturopplevingar. Bilder frå turen finn du ved å klikka på link her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album562?page=1
Halsnøy rundt i kajakkDeltakarane som padla rundt Halsnøy med turlaget 11.-12.juli fekk ein flott tur. Overnatting var på Romsa i huset til Friluftsrådet. Ved å følgja link, kan du sjå bilder frå turen: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album559
Vakkert langs ÅkrafjordenSiste helg i juni var det igjen tid for å padle Åkrafjorden og besøka vakre perler langs fjorden. Turen starta fredagen frå Utåker og enda opp i Eljarvik sundag ettermiddag. Ei helg rik på opplevingar, sol, venskap og godt humør i tillegg til 3,3 tilbakelagte landmil (33 km) i kajakkane... Stord på langs i mai
Turen starta med hurtigbåt frå Sunde kl 10:20 via Ranavik til Leirvik. Her slutta kjentmann Magne Saksvik seg til turlaget. Så bar det til Vistvika der me starta fotturen. Me fulgte skogsvegen opp langs Vistvikelva opp til Svartavatnet. Turen gjekk så mot Mehammarsåta, men før vi kom
Les meir
Vellukka 17.mai-feiring på Finse og Hardangerjøkulen
Gjengen som feira 17.mai på Finse med skitur på Hardangerjøkulen fekk ei minnerik helg med sol, snø og litt vind. Stemninga var god og denne måten å feira nasjonaldagen på er noko alle burde få oppleva ein gong! Leif G. Hovden har sendt oss bilder. Følg link under "les mer"...
Les meir
Venlege Trodla-TysdalEi helg i juni inviterte Kvinnherad turlag til fottur til ville, vakre og sjarmerande Trodla Tysdal, Rogalands mest avsidesliggjande gard i drift. Garden ligg i Hjelmeland kommune ved enden av Øvre Tysdalsvatnet. Turen vår starta frå Kleivaland, 265 moh. med ein 2-3 timar lang fottur forbi dei fråflytta gardane Ritland, Kløv og Helgaland. Høgste punktet på turen ligg på 425 moh, så dette er ein grei fottur for kvinnheringar som er vane med langt brattare lende. Link til fotoalbum: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album548
|
SøkTurar og aktivitetar
|