Velkomen til Lærdal Turlag si heimeside.

Lærdal 2Lærdalsøyri Lærdal 3

 

Nettsida er sist oppdatert:  10.05.2012

Dersom du har innspel, ros, ris, bilete, artiklar, som du vil legge ut på sida vår, send ein e-post til: ageardal@online.no

FLOTT OPPTUR 9. mai

Onsdag 9. mai arrangerte Turlaget og ei Elevbedrift i 9. klasse OPPTUR 2012 for elevane i 8.klasse på Lærdalsøyri skule og Borgund skule. 33 elevar og 4 lærarar deltok.  OPPTUR er eit landsomfattande DNT-arrangement som har fokus på sosialt samvær, naturoppleving og fysisk aktivitet utan konkurranse.

Løypa denne dagen gjekk på dei gamle ferdselsvegane i Seltåsen og Galdane; start i Koren ved Seltun på kaptein Finnes veg frå 1847, ein flott oppmura veg. Vi passerte Gravdalen der vegen ligg på ein 18 m høg mur. Ved Sjurhaugfossen kryssa vi elva på bru og følgde den gamle kongevegen til husmannsplassen Galdane. Her blei vi møtt av "huskona" Brita med hedlekaker og klargjort grill til pølsene.
Været og sola var på vår side denne dagen og gjorde turen langs dei gamle vegane og opphaldet på Galdane til ein flott og triveleg dag i, for mange, eit ukjent område. Avslutninga av løypa gjekk på kongevegen langs elva forbi det nedlagde småbruket Seltøyni til Seltun der bussen frå Fjord1 venta på oss. Takk til Fjord 1 som sponsa transporten og til Olden som spanderte drikkevatn.

Fleire bilder ser du her (klikk)  

Ryddedugnad på Grandane 7.mai

Stor takk til alle dei som var med og hjalp til med ryddinga denne ettermiddagen.

T-skjorter.

Turlaget har fått T-skjorte. Denne får du kjøpt på Sportsbui, pris kr. 200,- T-skjorta ser du her (trykk)

Onsdagsturar.

Vi prøver med eit opplegg for Onsdagsturar. Det blir varierte turmål i heile kommunen. Bli med og gjer deg kjend med mange fine turmål. Turane blir vanlegvis på ca. 2-3 timar, nokre kanskje litt lengre.

Den første Onsdagsturen gjekk onsdag 11.april til Løberghaugen med 5 fornøgde deltakarar.

Framover blir det ny Onsdagstur kvar onsdag, Sjå meir info under "Turar".

Bakketrimmen

er i gang frå 1.april. Sjå info, kart og turmålbeskrivelse  her (klikk)

Turprogram Søndagsturar/Fellesturar 2012

 sjå under "Turar"

Barnas Turlag Turprogram 2012

Sjå under "Barnas Turlag".

Om Turlaget

Sjå omtale under "Om oss".

Bli medlem i Turlaget 

Informasjon om innmelding i DNT eller lokal medlem finn du her (klikk)

Nye Vedtekter og Årsmelding 2011

Desse finn du på mappa "Om oss". Årsmelding Barnas Turlag 2011 ligg på mappa "Barnas Turlag"

Turtrimmen 2010-2011

49 deltakarkort er innlevert. Av desse har 42 oppfylt krava til premiering som er eit gåvekort på kr. 200,- til bruk på Sportsbui.

Vil du hjelpe til i Turlaget

Vi har planar om å utvikle turområda i Lærdal og treng frivillige til å hjelpe oss med rydding og merking av turvegar.
Eksisterande turvegar treng også vedlikehald.
Er du interessert i å bli med i Dugnadsgruppa, ta kontakt med Åge Årdal, tlf. 95143872 eller på e-post: ageardal@online.no  

Trimpostkassane (28 faste turpostar) 

Hausten 2011 innfører vi nytt opplegg for Trimpostkassane . Det er etablert 28 Faste Trimpostkassar i kommunen.  I det nye opplegget blir det trekt ut premie kvart år mellom dei som har besøkt postane. For å gjere det lettare å trekke ut premie og å registrere talet på postbesøk blir noverande bøker i trimkassane bytt ut med nummererte "Basarbøker" .

Dei Faste Trimpostane finn du her (klikk)

 

I 2011 er det registrert 17600 besøk på dei Faste Trimpostane. Her (klikk) er tala for dei ulike postane

2012 Øvre Vangen

Til tross for gråver og kald vind var det STOR oppslutning på Barnas TUrlag sin tur til Øvre Vangen søndag 15.april. Det var 150 spreke born og vaksne som møtte til tur, 76 born og 74 vaksne. Turbo turrev var med på turen til glede for små turvener. Barnas Turlag stod for bål til grilling av pølser oppe på Øvre Vangen,

Fleire bilder her: 

 

2012 Skitur Sluten - Oftedalen

Laurdag 14.april var det klart for tradisjonelle skituren frå Sluten på Filefjell til Oftedalen. Kl. 09.00 var deltakarane samla på Slutebrui, klar for avmarsj. Grunna dårlege vermeldingar, var det ikkje meir enn 7 som tok sjansen på ein langtur gjennom fjellheimen vestover til Lærdalsøyri (Trine Grøttebø, Kari Breistøl, Jan Steinar Hole, Rolf Engløkk, Tor Magne Gjerde, Anders Lindborg (frå Årdal) og turleiar Asle Skalle).
Les meir

2012 Barnas Turlag - Tur til Kropp 25.mars

78 turglade born (46), vaksne (32) og ein hund deltok på Barnas Turlag sin første tur i 2012.

Les meir

2012 Skitur til Høgaloftet.

Søndag 18.mars deltok 12 personar på skitur til Høgaloftet frå Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet.
Les meir