Nordhordland Turlag

Heimeside:http://www.turistforeningen.no/nordhordland
E-post:
Tlf:55335810
Faks:55335829
Postadresse:Tverrgt. 4-6 5017 Bergen
Besøksadresse:Tverrgt. 4-6

Nordhordland Turlag vart starta i 1993 og omfattar kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Masfjorden, og Modalen.  Laget har pr. januar 2009 omlag 1383 medlemmer. 

Me er tilknytta Bergen Turlag og DNT systemet som lokallag under Bergen Turlag.  Laget har søndagsturar, helgeturar, onsdagsturar, brekurs, sommar- og vinterturar. 

Me har driftsansvaret for tre hytter i Stølsheimen: Vardadalsbu, Skavlabu og Kalvedalenshytta.  

Me merker ruter mellom desse hyttene.  Me gjer merksam på at me ikkje er ansvarleg for merking av andre ruter i området som ikkje er T-merka eller definert som DNT ruter. Leiar for laget er Arnhild Hatland som vart vald på årsmøtet i januar 2009.