Velkomen til Sogndal turlag sine heimsider!

Sogndal Turlag logo

 

 

Kursplan SFT 2012

Meld deg på kurs eller BaseCamp i 2012 og opplev gleda ved ny læring og naturglede ved kyst og fjell.
Les meir

Marte Kviberg ny leiar i Sogndal Turlag


Sogndal Turlag hadde årsmøte tysdag 29. november, og då vart Marte Kviberg (i midten) vald til ny leiar. Marte er den fyrste kvinnelege leiaren i laget. Veteran Arne I. Lerum (t.v.) fekk blome og vart takka av i styre, og Tom Dybwad (t.h.) fekk takk for godt leiarskap i dei to siste åra.

Med nytt trimposttilbod i Sogndal har Sogndal Turlag satsa medvite på å nytte fjellområda i kommunen til godt ”folkehelse- arbeid”. Tilbod har er retta både mot born og vaksne. Fellesturane  har synt god deltaking med m.a. bretur til Uranostind og fottur frå Stigen til Undredal. Barnas Turlag har også hatt eit aktivt år. Kajakkhelga i Solund er  ein triveleg tradisjon. Turen i år gjekk frå Kolgrov til Storsundet og til Ospa, heilt nord i Sula. Hyttene har aukande besøk, med 162 overnattingsgjester på Råkeneset, og ferdig restaurert naust. Grøssete  var godt besøkt sist vinter. Jamt medlemstal og rundt 548 totalt og av desse 56 born og unge.
Les årsmelding 2011 her. Les Årsmøte referat 2011 her og reviderte vedtekter les du her. Alle foto: Eli Berge

Les meir

Inspirasjonshelg for små og store i Kalvåg

Fellessamlinga i SFT samla tillitsvalde frå lokal- og fylkeslag til inspirerande dagar her på kaia i Kalvåg. Foto: Atle Holsen
Les fleire av innlegga v/link under bilete kvar enkelt tema.
Les meir

Under toppen av Uranostinden !


Turen til Uranostind   går gjennom goldt høgfjell,  grov morene  og  eit  spanande  bre-lanskap.  Til stor glede for gruppa  av topptur- jegerar kan vi for første gong skimte toppen i det vi gjer oss klar til  å setje stegjerna i blåisen.   Vi  augnar håp om å  komme oss til toppen  med  utsyn til tindane på begge sider av Utladalen.  Men dette vert nok ikkje dagen for topptur- støt. Heller ein kjekk  tur i blåisen med stegjern knasande  under skoa.  Målet er  sjølvsagt den   spenstige tinden, men  vi må  nøye oss med å oppleve  bre- naturen i skodde, frisk sønnavind og  lett regn. Foto og tekst Marino J. Ask
Les meir

NYTT!!! Turpostar i Sogndal

Turpostar i Sogndal

Sogndal turlag har denne sommaren set i gong eit nytt tilbod som kan gi turglede til barn og vaksne
På merka løyper kan du no gå til ulike postar i nærmiljøet kring Sogndal....
Sjå på oversikt over postane her

Referat frå årsmøtet

Årsmøtet vart halde 23. november 2010 på Hofslnd Hotell og du kan lese referat frå møtet her                    

Skitur til Hest og Grøndalseggi 2. mai 2010

1 Stigning til Nonskard  Foto: Arnt Flatmo1500 høgdemeter, 17,5 km, brunsvidde nasetipper, slitne kne og blide turdeltakarar. Slik kan turen 2.mai oppsummerast.
Les meir

Skitur til Kattøyro 1411 moh

Opp frå Drivande  Foto: Tom DybwadSøndag 14. februar kom med strålande vêr.
Les meir

Sogndal DNT ung til Blåfjellet laurdag 6. februar

Foto; Marino J. AskEin av dei finaste toppturane i Sogndalsdalen går til Blåfjellet. Med utgangspunkt i Hodlekve har ein fleire alternative ruter. Denne laurdagen er startpunktet toppen av Hodlekve-heisen.
Les meir

Referat frå årsmøte 24.11.2009

Sogndal Turlag logoÅrsmøte vart halde på Hofslund Hotell, der 32 personar møtte opp.
Les meir

Vi fann ungdomskjelda!

6 Ved ungdomskjelda - betre føre var......  Foto: Tom DybwadBarnas turlag hadde i dag adventstur, på Luciadagen i 2009, frå Årøy og opp langs gamlevegen til Hafslo.

Les meir

Vangsen, først og sist!

Fotograf: Marino J. AskEndeleg skitur- denne dagen har eg venta på.  Turr, vind- sendt snø. Første skituren i år sjølv om ein skriv  6. desember.

Les meir

Dugnad på Grøssete

Riving  Foto: Arne LerumDet var ein vellukka dugnad på Grøssete laurdag 17.10. i strålande vêr.
Les meir

Turhelg på Sota sæter 5. - 6. september 2009

Ein god turgjeng samla ved porten på Sota sæter  Foto: Gro Skjelle FimreiteEin fin gjeng med vaksne og barn la laurdag i veg frå Sogndal over Sognefjellet.
Les meir

Sogndal Turlag på kajakktur i Solund

Solund siste helga i august 2009Vi køyrer mot ei stadig klarare kveldsol denne siste fredagen i august. Vêrmeldinga for helga fortel om vete og atter vete. Men so ikkje i kveld. 10 glade kajakkpadlarar stemnar nord Liasundet frå Hardbakke.
Les meir