DNT ung på plass i Jostedalen


DNT ung sitt landsmøte er starta med tur til isgrotta ved Nigardsbreen i Jostedalen. Her er eit bilde av alle saman før dei starta på turen innover mot Nigardsbreen i dag. Ein glad og lystig gjeng. Steinar Bruheim frå breførarlaget er med som kjentmann/sikkerheitsansvarleg. Foto: Anne Rudsengen

Landsmøte DNT ung til Luster

Torsdag 11. mars blir det storinnrykk til Luster og Jostedalen. Det årlege landsmøtet for ungdomsgruppa til DNT er lagt til våre område. Luster Turlag ønskjer alle deltakarane velkomne til Luster!

DNT-UNG logo

Les meir

BT Førde til Vassbrekka 6/3

Kva veg hoppar haren, kva gjer bjørnen om vinteren og korleis ser rypebæsj ut? Dette var nokre av spørsmåla i naturstien som barna grubla på medan dei gjekk i retning Vassbrekkestølen. Det hadde kome mykje snø det siste døgnet, men innover frå Botnen var det lett å gå. Noko tyngre blei det når vi kom fram til stølen og skulle utanfor sporet for å raste.

Les meir

Vellukka ski- og aketur i Jostedalen

Rundt 40 småe og store møtte opp i Jostedalen søndag 7. mars då Barnas Turlag var på tur til Blåtjønni.

Pølsegryte på bål

Les meir

Ledig stilling som FNF-koordinator i Sogn og Fjordane

Er du interessert i natur og frilufstliv og kan tenke deg og jobbe halv stilling som FNF-koordinator?

Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) er eit samarbeidsforum for natur-, kultur- og friluftslivsorganisasjonane på fylkesnivå og skal fange opp viktige saker som har betyding for natur og friluftsliv i fylket. Føremålet er å ivareta natur- og friluftslivsinteressene. Les meir om på Dette er Forum for Natur og Friluftsliv.

Då vår FNF-koordinator har sagt opp si stilling, søkjer vi etter FNF-koordinator i 50% fast stilling. 

Les meir

Ledig stilling som FNF-medarbeidar i Sogn og Fjordane

Er du interessert i natur og frilufstliv og kan tenke deg og jobbe halv stilling som FNF-medarbeidar?

Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) er eit samarbeidsforum for natur-, kultur- og friluftslivsorganisasjonane på fylkesnivå og skal fange opp viktige saker som har betyding for natur og friluftsliv i fylket. Føremålet er å ivareta natur- og friluftslivsinteressene. Les meir om på Dette er Forum for Natur og Friluftsliv.

Då vi har oppretta ei ny stilling som FNF-medarbeidar, søkjer vi etter FNF-medarbeidar i 50% fast stilling. 

Les meir

500 turar for liten og stor!

Nytt felles Turprogram 2010 er distribuert ut til alle husstandar i fylke.
Les meir

Skirenn og aking i Rivedal


Her står barn i skulealder klare til start på rekke og rad bakover.
Les meir

Sogndal DNT ung til Blåfjellet laurdag 6. februar.


Nedfarten er berre topp i puddersnøen denne laurdagen fyrst i februar.
Første henget under toppen byr på  nokre bratte svingar. Foto: Marino J. Ask

 

Les meir

IST ung til Olahans-fjellet 13/2

Laurdagen kom med kjempefint vinterver, kaldt, sol og vindstille. Kl 11.00 la 7 ungdommar og 4 vaksne i veg frå Myklebustdalen til OlaHansfjellet. Mye djup laus nysnø, men heldigvis var der oppgått godt skispor oppover til toppen. Kortfellar vert ikkje noko at satse på denne dagen og vert fort skifta ut med langfellar. Etter nokre timar kom vi oss på toppen. Utsikt og temperatur var som bestilt, da turen var planlagt.

Les meir

Referat frå årsmøte i Luster Turlag

Årsmøte i Luster Turlag vart halde fredag 12.februar kl 19.30 på Luster Ungdomsskule i Gaupne ..

Full sal på årsmøtet

Mykje folk hadde møtt fram iår også... mellom 80 og 90 personar var tilstades....

Les meir

Dei kom seg ut i Leikanger!

Mange hadde funne vegen ut sist søndag i Leikanger. Foto Anne Lise Breidvik
Les meir

Telemakssving i Bjørkelia på Kom deg ut-dagen

Alle som var med på Telemark kurset i Bjørkelia Kom deg ut-helga 6.-7. februar.
F.v. Øystein Viken. Keir Ørnehaug, Bodil Farsund, Lene Therese Solheim, Terje Grøneng, Magne Viken,
Kjell Befring, Silje Aakre Solheim, Sverre Aasen, Olav Reiakvam og Torunn Solheim.
Instruktørar var Hanne Dybwad Fonn og Atle Asheim. Foto: Jorunn Vågen
Les meir

Skitur til Endestadnipa 07.02.10

På turen til Endestadnipa var vi 2 barn og 12 vaksne.

Flott tur med - været var fint.  Det var litt sur vind på toppen.

Arrangementet var ein del av "Kom deg ut dagen" - Flora Turlag hadde også aktivitetsdag på Nybømarka.

Les meir

2000 born og vaksne kom seg ut på søndag


86 personar møtte opp for å vere med Barnas Turlag YNT  ”Kom deg ut” arrangement. Etter ein tur ut til sjølve Vombaneset gjekk gjengen tilbake til skogen. Der var det gratis grillmat og frukt å få. Etter ein matbit var det utdeling av effekter til barn og vaksne.
Foto: Marleèn Horne
Les meir