Del | Tilbake | Skriv ut | Tips ein ven

STORMSAMLING I BULANDET

Bulandet  i oktober, det er stormsamling med Njord.  Sommaren er tilbakelagt og hausten er på sitt flottaste. Den første snøen ligg allereie nedetter liene. Dei ivrigaste har funne fram skia?

Turen frå Sogndal til kysten er i seg sjølv ei oppleving i vakker haustsol. For ikkje å snakke om ferjeturen frå Askvoll til Værlandet. Toppdekket gjev vidt utsyn over Ytre Sunnfjord. Blegja og Kvamshesten ligg snødekte langt der inne i fjorden. Vilnesfjorden blenkjer i sollyset medan Alden ruvar i vest. I det vi sig inn mot Værlandet  er himmelen brennande gul bak Klettane.

 

”Sjå deg ikkje attende”  er teksten som møter deg i det ein køyrer av ferja. I dag treng ein ikkje å verte mint på det eingong. Vestover bruene  går ferda medan ettermiddagen sakte  går over i kveld. Siste restar av nordvesten  bryt mot svaberga i Melvær.  Halsøykletten er målet. Ikkje dei mange høgdemetrane men ei utsikta er derimot stor. Sandøy i vest og Solund i sør.  Eg rekk å feste ei raud sol til filmen før kveldsmørkre tek over.

Fest på lokalet for  slitne kajakkpadlarar som alle har fått ”vaska seg” i  bølgjene tidlegare på dagen.  No er det tid for fårikål, kake og biletframsyning frå dagens padling. Nokre fjes er nye, andre er gjengangarar.  Stormsamling er noko heilt spesielt, stemminga,  entusiasmen til Njord- folka og utveksling av padleopplevingar frå dagens tur. Alltid like  triveleg.

Sundag er det min tur. Enkelte  ymtar frampå om at” vi har no fri og det er sundag”. Eg kjenner eg er ivrig etter å komme meg utpå. Vinden har snudd. Sønnavind med fint lys og litt mindre bølgjer enn dagen før.  Frå Fedøy går turen sørover mot dei søre skjera ved Sandøy. Første etappe går  til ein liten km sør i Buefjorden. Bølgjene  gjev  tidvis god surf. Eg nyttar turen ut til å ”kjenne” litt på sjøen og  driv lett  med  bølgjene nordover att. Salte friske bølgjer  med kraft som løfter og ber ein fram.  Dette  har eg gleda meg til lenge.   Stormsamling i Bulandet  er  salt, våt,  vakker  naturoppleving!!

Marino J. Ask