| Framsida | Turar og aktivitetar | Hytter | Bornas Turlag | Bli medlem | Om oss |
Velkomen til Vik Turlag
Vik Turlag vart oppretta i 2001 og er ei undergruppe av Sogn og Fjordane Turlag. Laget har to hytter, Målsethytta på Vikafjellet og Jashaugbu (saman med Idrettslaget Modig) i Fresvik-fjella.
Vik Turlag har om lag 100 medlemmer.
Entusiasme og vekst i turlaga i fylket!![]() Sogn og Fjordane Turlag hadde årsmøte på Skei sist laurdag 28.01. Delegatar frå dei fleste lokallaga møtte og det er stor entusiasme i turlaga. Heilt bak f.v. Bente Steine (AuT), Olav Kjell Moen (SFT/ÅT), Inga Jane Vie Karlsen (ÅT), Berit Holme (SFT), Per Jakob Kyrkjeeide (INT), Karen Weichert (VT), Daniel Longfellow (BHT), Åsmund Dale (AuT), Alvar Melvær (SFT) Bak midten f.v. Arne I. Lerum (ST), Marte Kviberg (ST), Linda Hantveit (SFT/YST), Asle Veien (SFT/IST), Hilde Barmen (YNT), Jorunn Vågen (SFT/IST), Sissel Strømmen (FT), Benthe Kjøs (INT), Ragna Renna (IST), Roger Bareksten (FT), Britt Småvik (SFT/YNT), Odd Einar Frosta (ÅT), Åge Årdal (LæT), Hildegard Strømmen Nygård (KT) Framme f.v. Jarle Frøyen (KT), Astrid Kalstveit (SFT), Ingeborg Flaten (SFT/LuT), Marino J. Ask (SFT/ST), Vidar Vie (IST) og Irene Befring (SFT/IST). Medlemsvekst, nye turlag for born og unge, ivrige turgåarar og stor kursdeltaking er nokre stikkord frå fyldig årsmelding. Og alle dei 14 vaksenlaga og 2 frittståande Barnas Turlag har alle oppegåande styre og turprogram klart for 2012. Foto: Atle HolsenKursplan SFT 2012
Meld deg på kurs eller BaseCamp i 2012 og opplev gleda ved ny læring og naturglede ved kyst og fjell.
Bli med på siste Breholeturen!Som i fjor, og året før, skipar Vik Turlag til breholetur til isbregrottene under Nigardsbreen. Har du ikkje fått dette med deg før, er det berre å hiva seg rundt og melda seg på!
Inspirasjonshelg for små og store i Kalvåg
Fellessamlinga i SFT samla tillitsvalde frå lokal- og fylkeslag til inspirerande dagar her på kaia i Kalvåg. Foto: Atle Holsen
Les fleire av innlegga v/link under bilete kvar enkelt tema. Ny rabattavtale med Sport 1 Sogn og Fjordane Turlag har 1.1.2011 inngått ein ny rabattavtale med Sport 1 i Førde.
Samarbeidsbutikkane, Chatlet Sport på Sandane og Nordfjordeid vil også delta i avtala. I dette høve vil Sport 1 tilby alle medlemene i Sogn og Fjordane Turlag ein rabatt på 15 % på alle varer med ordinære prisar, mot framvisning av gyldig medlemskort. Dersom medlemene skulle vere interessert i varer utanfor vårt normale sortiment, vil vi sjølvsagt gjere vårt beste for å skaffe dei. |
SøkTurar og aktivitetar
|