Velkomen til Voss UtferdslagTimaglaset

Voss Utferdslag er eit lokallag under Den Norske Turistforening og dekkar alle som har adresse innanfor Voss kommune.

Laget vart skipa i 1933 og tel 1005 medlemar (okt. 2011).
Laget eig og driv 6 hytteanlegg med til saman 11 bygningar.
Me har 400 km merka stiar og 7 bruer.

Laget arrangerer fellesturar  mest heile året i Vossefjella, nabofjella til Voss og av og til i andre fjernare fjellområde.

Borna sitt Turlag vart skipa i 1999 og ser ut til å ha vorte ein suksess.

Det er stor dugnadsånd i laget, og mest alt som vert gjort av arbeid for å halda ved like det laget driv med, vert gjort på dugnad.

Medlemskap: Som medlem i Den norske turistforening (DNT) er du automatisk medlem i Voss Utferdslag.

Me ynskjer deg velkomen til å vera med på turane våre og å vitja hyttene våre.



 

Oppheim - Lemme 29. januar

Me tok buss til Framnes, og traska derifrå eit par km utover Langedalen før me tok skia på.  ØyjordstølenEin glad gjeng i eit strålande turver var på Utferdslagstur frå Oppheim til Lemme.
Les mer

Situasjonsrapport Ljosanbotn - Grindaflethytta - Fyre 20.-21. januar

Årets fyrste tilsynstur til Grindaflethytta er unnagjort denne helga.  Turen gjekk frå Ljosanbotn i mykje laussnø opp til Borgarebuvotni.  Herfrå fastna snøen noko og turen gjekk lettare innover mot Grindafletane.  Trass noko laussnø er det gode skiforhold i høgfjellet. Snødjupna er for tida ca 2 med hytta. 

Les mer

Tur til Kvålsdalen og Torfinnsheim 22. januar

På årets finaste sundag reiste 9 personar på tur med Voss Utferdslag med buss til Hodnaberg. 

Les mer

Bordalsfjella 8. januar

Totalt 10 deltakarar  ( 7 kvinner og 3 menn ).
Les mer

Grindaflethytta, situasjonsrapport Ljosanbotn - Elvamote.

Tilsynsturen gjekk denne gongen (8. januar)frå Ljosanbotn i eit strålande ver og på silkeføre innover Ljosanddalen og til Elvamote.
Les mer

Kristoffer Vethe Kvamme, medlem nummer 1000!

1000 medlemmer i Utferdslaget! 

30. august 2011 vart ein merkedag i soga til Voss Utferdslag, då vart nemleg medlem nr. 1000 registrert!  Slikt kan sjølvsagt ikkje gå upåakta hen.  På årsmøtet til utferdslaget 10. november vart dette medlemmet spesielt invitert og gjort stas på. 

 

Les mer

Våla - Tvinnnestølen

Alle bruene på ruta mellom Våla og Tvinnestølen er no tekne inn.

Kaldavsshytta/Myrdal

Brua ved Myrdal er no teken inn for vinteren!

Pottenområdet 9.oktober

Sjølv om det vart styggeveær var det likevel 14 deltakarar med på turen.

Les mer

Stølsturar under Gråsida 2. oktober

15 deltakarar hadde møtt opp for å gå med oss til stølane under Gråsida. Me starta frå Gjelle i grått, men opphaldsver.

Les mer

Bakkanosi 18. september

Turen starta om lag 800m oppom skulen i Jordalen, her gjekk me på ein traktorveg opp lia frå Jordalen, lengre oppe kom me inn  På Bakkanosipå vegen som går til stølen i Slettedalen.
Les mer

LÅGTERSKELTUREN TIL VOSS SKI-OG TURSENTER I SKUTLESÅSEN 3. SEPTEMBER

Voss Utferdslag og Voss Sogelag

Les mer

Upsete - Kaldavass - Myrdal 11. september

Trass i dårlege vermeldingar, som stort sett viste seg å slå til, vart me etterkvart 12 deltakarar på turen i Kaldavassområdet.  Kaldavasshytta

Les mer

Situasjonsrapport Grindaflethytta – 1 - 4. september.

Tilsynsturen starta denne gongen frå Fyre, og heimturen gjekk til Brekke i Flåm.  Hausten er begynt å bli synleg i fjellet og bjørk og lyng i dalane ber preg av det.

Les mer

Breidablik - Skrott 4. september

12 deltakarar hadde møtt opp for å ta turen til Breidablikk og Skrott. Antalet hadde auka til 14 før me starta på Glyntabakkane.

Les mer