Søk
Viser artikler 16 - 30 av totalt 72
Side: Forrige  1 2 3 4 5  Neste

Cecilie Skog kjem til Førde 5.desember kl 19.00

 Cecilie Skog, illustrasjonsfoto

Indre Sunnfjord Turlag inviterar deg til ein inspirerande kveld med Cecilie Skog.

Les mer

Onsdagstur til Hesten med hodelykt

Onsdagstur med hodelykt til Hesten 26.10.11, foto: Hilde Barmen

I kveld var vi fem på tur til Hesten. Vi gjekk i frå moloen i Vågsvåg kl 18.00, og vi brukte ein liten time opp.

Les mer

Fellesmøte med alle lokallaga i Sogn og Fjordane Turlag

Fellesmøte med SFT 22. - 23. okt -11 i Kalvåg, foto: Hilde Barmen

I år var Keipen Turlag vertskap for fellesmøtet med SFT. Bilete her er av Grotle-sanden.

Les mer

VINTERTRIMMEN 2011/12 er i gang

Hesten med varden, Einevarden i nord, foto: JAH

No i desse dagar vert bøkene for Vintertrimmen 2011/12 lagt ut på dei 12 faste fjelltoppane. Vintertrimmen startar 15. okt -11 og varar til 15. mai -12. (biletet over er frå Hesten i Vågsvåg).

Les mer

Bilete frå Turleiarkurset 17. - 18. sept

Turleiarkurs med SFT 17. - 18. sept, foto: Hilde Barmen

Utsikt frå Bolsetnipa mot Snønipa og ned i Stardalen som var base for Turleiarkurset.

Les mer

Vindfull onsdagstur til Kletten

To spreke dame (pluss fotografen) var på tur i vinden i dag! 

Les mer

9 var på Hornelen

YNT hadde familietur til Hornelen frå Berle på søndag. Arne Jon Kandal og Per Rune Loen var turleiarar.
Les mer

12 nyutdanna turleiarar

  
Nye dyktige turleiarar etter gjennomført kurs sist helg i Stardalen. Bak f.v. Anita Rennestraum, Vigdis Hatlenes, Clea Suhr, Veslemøy Olavsbråten, Vigdis Flaten Kvamme, Maria Torheim Bjelkarøy, Hilde Barmen. Framme f.v. Jorunn Kleiven, Jarle Mundal, Jørgen Anda, Mathilde Stabel, Siri Helle. Foto: Kursleiar Gunnar Bjørlykke

Les mer

Vått og heftig på Gjegnabu

Av 17 påmeldte vart det berre tre som gjekk på tur med YNT til Gjegnen 3.-4. september. Flomvarsel og storenedbørsmengder gjorde det til ein tøff, heftig og krevjande tur i følge turleiar Ronny Saltkjel.
Les mer

34 var med på KOM DEG UT DAGEN

Kom deg ut - dagen 4. sept -11, Fremdeles litt blåbær i skogen her, foto: Hilde Barmen

Tur, spørsmålsposter, grilling av pølse og pinnebrød, kanopadling var noko  av det ein fekk oppleve om ein trossa været og vart med på turen til Dalsneset. Det er framleis litt blåbær i skogen her, og to søsken konkurerte om å ha blåast tunge.

Les mer

Onsdagstur i nydelig kveldssol

Onsdagstur til Kletten 290811, foto: Hilde Barmen

I går var vi 6 stykker på tur til Kletten i Holvik. Vi gjekk frå Holvik Skule kl 18.00. YNT hadde 6 onsdagsturar før sommarferien og fortset no utover hausten med turar siste onsdagen i månaden. Dette er lette turar i roleg tempo. Turane har vore ca 1t ein veg.  Bilete er frå toppen av Kletten, med fjellet Veten i bakgrunnen.

Les mer

Bli med på "Kom deg ut - dagen" søndag 4.september

Kom deg ut dag. 5. sept 2010, foto: Marleen B. Hodne

DNT arrangerer "Kom deg ut- dagen"  i heile landet to faste søndagar i året. Ytre Nordfjord Turlag legger i haust turen til Dalsneset i Deknepollen. Barnas Turlag står bak dette arrangementet, medan YNT også har tur til Gjegnen i Hyen for dei som vil gå høgt og langt.

Les mer

Flott tur til Slogen søndag 21. aug 2011

YNT-tur til Slogen 21. aug, foto: Hilde Barmen

På søndag var det tur til Slogen. I år gjekk vi frå Strandasida, og turen fekk ein slakar start innover Liadalen, enn det vert frå Øie.  Vi starta å gå i shorts og singlet i strålande sol. Det var flott å gå innover dalen langs elva oppover.

Les mer

Gjegnen 3.-4. september

Det blir tur til Gjegnen i år igjen. Bilete over viser morgonstund utanfor Gjegnabu. Turen går over to dagar, og der vert overnatting på Gjegnabu.

Les mer

Barnas Turlag og Aktivitetsdag på Kvalheim 21. aug

Bilete frå Aktivitetsdagen  på Kvalheim 2010, foto: www.vivest.no

Arrangørane av Aktivitetsdagen på Kvalheim har invitert Ytre Nordfjord Turlag og Barnas Turlag til å vere med på opplegget denne dagen. Barnas Turlag møter opp kl. 11.00 nederst ved starten av Gamle Kvalheimsvegen. Det vert rebus undervegs oppover til toppen av Gamle Kvalheimsvegen. Vegen er ca 3 km lang. På toppen av Gamle-vegen, på andre sida av hovudvegen ved Ongelsvatnet, vert det moglegheit for kano/kajakkpadling. Det vert moglegheit for å bli kjørt ned og hente bilen etter turen med Barnas Turlag. (Bildene er lånt frå Kvalheim nytt/ www.vivest.no)

Bilete frå Aktivitetsdagen  på Kvalheim 2010, foto: www.vivest.no

Les mer
Side: Forrige  1 2 3 4 5  Neste